Aktuelt

Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd?

Møre og Romsdal har ei rik næringslivshistorie, og denne boka handlar om alt frå klippfiskeksport til kaffistover og offshoreindustri.

Forfattarane i boka tek utgangspunkt i teoriane til sosiologen Max Weber om protestantisk etikk og kapitalismens ånd og undersøkjer om dei internasjonalt mykje nytta modellane frå Weber-skulen lèt seg overføre til arbeids- og næringsliv i Møre og Romsdal.

Næringskulturen då offshore-skipsfarten kom til Sunnmøre og Romsdal i tida 1979-1978.
Ingvil Eilertsen Grimstad, fagdirektør i Viti, går i denne artikkelen tilbake til ei spennande tid i industrisoga, både nasjonalt og lokalt. Ei pionertid med omstilling til nye skipstypar, kundar og marknader.

I Sjømannskvinner på Nord-Vestlandet frå seint i 1960- åra til tidleg i 1980-åra.
Cecilie Rørstad, konservator i Viti, undersøkjer korleis kvinner som hadde ektemenn som var til sjøs, opplevde 1970- og 80-åra. Ei periode som var særleg interessant med bakgrunn i dei store samfunnsendringane som fann stad akkurat då.


- I Møre og Romsdal har mange næringslivsledere stått med en velbrukt bibel i ene hånda og en velfylt sparegris i den andre, sier fagredaktør Mads Langnes.

Møre og Romsdal har vore eit område der forskinga ofte har trekt parallellar mellom haugianarrørsla, som var inspirert av lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (1771–1824), og næringslivsutviklinga fram til i dag. Kva rolle hadde haugiansk entreprenørskap og tankesett på 1800- og 1900-talet? Målet med boka er å undersøkje kva kulturar og strukturar som har vore kjenneteiknande for næringslivshistoria i regionen.

- Jeg synes å merke at den protestantiske etikken (i næringslivet i fylket/Møre og Romsdal) har vært sterk, men det har jammen den kapitalistiske ånden også! understreker Mads Langnes.



Boka er eit samarbeid mellom Romsdalsmuseet, Viti og Nynorsk kultursentrum.

Redaktør og prosjektleiar Mads Langnes (dr.philos.) er førstekonservator ved Romsdalsmuseet. Han er også ansvarleg for fellestenesta for forsking for musea i Møre og Romsdal, redaktør for årboka til Romsdalsmuseet og har tidlegare gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om agrarhistorie, rettshistorie og kulturhistorie.

Museumsforlaget

ISBN

Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Cecilie Rørstad

Cecilie Rørstad

Avdeling kulturhistorie: Konservator

994 25 888 / cecilie@vitimusea.no

Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd? — Viti — Viti