Pelsdyrformidling frå Sunnmøre og Viti publisert internasjonalt

Stiftinga Viti arbeidar med forskings- og dokumentasjon på den nyleg avvikla pelsdyrnæringa på Sunnmøre. No er filmen og konferansebidraget om Øye i Hjørundfjorden publisert på den internasjonale nettstaden til ICAMT.
-Pelsdyrnæringa er ei klassisk konflikt mellom ei tradisjonsrik, lokal næring i ei lita bygd og nasjonal politikk. Over natta vart ei heil næring utradert etter eit vedtak i Stortinget. Vi i Viti dokumenterer næringa og deltek i eit nasjonalt forskings- ,dokumentasjons- og formidlingsprosjekt om pelsdyr, seier konservatorane i Viti, Cecilie Rørstad og Frode Pilskog.
Rørstad og Pilskog deltok på den internasjonale museumskonferansen til ICOM (International Council of Museums) og ICAMT (The International Committee for Architecture and Museum Techniques) i Porto i Portugal i fjor, med ein film om pelsdyrhald. Konferansebidraga er no publisert på internasjonale ICAMT sin nettstad for museumsforsking og formidling.
Viti er oppteken av og arbeider med samtidsdokumentasjon. Det er viktig for Viti å delta på konferansar og i publikasjonar som denne for å etablere kontakter med andre museum, styrke faglegheita og lære av museumskollegaer i heile verda.
- I ei tid med meir polarisering, interessemotsetnader og press på musea sin faglegheit er det fruktbart og inspirerande å ta del i andre sine erfaringar, kunnskap og praksisar. Dette kan i sin tur vere med å utvikle våre museum, som kjem både publikum og regionen til del, seier Rørstad.
Sjå ICAMT-publiseringa her:
ICAMT 49th Conference 2024 Book - ICOM ICAMT - ICOM ICAMT
Sjå også Viti-artikkelen «Pelsdyrnæringa på museum?»
https://www.vitimusea.no/kunnskap/pelsdyrnaeringa-paa-museum-