På turne med "Rett i garnet"
Tekstilkonservator og forfattar Line Iversen i Viti, er i desse dagar på foredragsturne med boka «Rett i garnet».
Høyr historia om fiskaren sine ullklede som har gitt inspirasjon til nye strikkeoppskrifter. Etter foredraget blir det høve å kjøpe den rykande ferske boka «Rett i garnet» som er utgitt på Museumsforlaget.
Boka handlar om fiskaren sine klede på sjøen, frå 1700-talet og fram mot 1900-talet. Dei tradisjonelle plagga fiskaren brukte har gitt oss inspirasjon til nye strikkeoppskrifter på genserar, jakker, luer, vottar, vest og underklede – tilpassa menn og kvinner i vår tid.
Historia om strikkeplagga er også ei historie om kjærleiken som låg bak. Historiske kjelder viser oss kva klede fiskarbonden brukte, kven som lagde dei, kvar kleda vart brukt, og om import og mote i fiskardrakta frå utlandet. Dette er noko av det vi får høyre om i foredraget.
Turneplan:
4. november: Sula bibliotek kl. 19.00
9. november: Sykkylven naturmuseum kl. 19.00
16. november: Brudavolltunet i Ørsta kl. 19.00
17. november: Ålesund husflidslag kl. 19.00
24. november: Anders Svor-museet i Hornindal kl. 19.00
