Aktuelt

På tur med steinalderkofferten!

Full fart med formidling - både på arenaene våre og på skulane i regionen vår.

Steinalderkofferten fortel om den fyrste tida det budde menneske i Møre og Romsdal.
Gjenstandane i kofferten, som elevane får kjenne på og bruke, er kopiar av funn gjort i Møre og Romsdal. Vi har òg med ein kopi av eit trekstilfunn – kleda ismannen Ôtzi hadde på då han vart funnen etter fem tusen år i isen. Elevane får mellom anna skyte med pil og boge, slå eld og spikke med flintkniv.

Her frå Måseid skule i Valldal.


Foto: Petter Ose / Viti

På tur med steinalderkofferten! — Viti — Viti