Aktuelt

Opning av Hjellens notbøteri

Riksantikvar og Fylkesantikvar, og fleire med dei, var til stades på markeringa av at Hjellens notbøteri i Spjelkavikneset er ferdigrestaurert. Notbøteriet er freda etter kulturminnelova. Anlegget opna i 1932 og stengte i 1975. Då hadde båtar og nøter fått slike dimensjonar at Hjellen ikkje lenger kunne gjere jobben.

Forfattar av den nyutgjevne boka "Nothengene - havets katedraler", Arne Blix, seier at Hjellen er unik i norsk samanheng både i storleik og kompleksitet. Ei grunngjeving for fredinga var også det naturskjøne området anlegget ligg i. No ligg det til rette for at fleire får oppleve denne industrihistoria. Ei industriperle må ein kunne kalle det.

Opning av Hjellens notbøteri — Viti — Viti