Nyvald styre i stiftinga Viti
Årsmøtet i regionmuseet Stiftinga Viti gav Jon Aasen samrøystes tillit i fire nye år som styreleiar. Det er klart etter Årsmøte i Stiftinga, som vart halde på Brudavolltunet i Ørsta 21. mars.
Kunstnaren Terese Longva vart vald som ny styremedlem.
Longva (f. 1976) bur og arbeider på Longva, med ulike medium video, glas, konsept og performance. Ho er utdanna ved Kunst – og designhøgskolen i Bergen, New York State College of Ceramics og Kunstskolen i Ålesund. Longva tek over styrevervet etter Ine Harrang.
- Stiftinga Viti takkar Ine Harrang for fire år i styret. Ho har kome med verdifulle bidrag i utviklinga av
regionmuseet. Vi er svært glade for at Terese Longva er vald inn styret. Hennar kunstfaglege
kompetanse vert strategisk viktig for oss, seier administrerande direktør i Viti, Audhild
Gregoriusdotter Rotevatn.
Stiftinga Viti har eit profesjonelt og kompetansesamansett styre. Det er valnemnda som fremjar forslag til styremedlemmer.Ny leiar i valnemnda vart Kristin Beate Osvoll Skodjevåg, og ny medlem er Stine Roald. Arild Iversen held også fram i valnemnda.
For dei tilsette, er Stein Arne Fauske vald som ny tilsettrepresentant i styret og Richard Lindin er vald som ny vara. Varamedlemmene valde av Årsmøtet, var også på val og alle tre fekk attval.
Det nye styret i Stiftinga Viti ser no slik ut:
- Jon Aasen, styreleiar
- Randulf Bakken, nestleiar
- Terese Longva, styremedlem
- Turid Hanken, styremedlem
- Håkon Rasmussen, styremedlem
- Solfrid Otterholm, styremedlem vald av dei tilsette
- Stein Arne Fauske, styremedlem vald av dei tilsette
Vara:
1. Kari Aslaug Hasle
2. Per Ivar Lie
3. Trine Røssevoll
Vara for tilsette:
1. Lars Leine
2. Richard Lindin