Aktuelt

Nytt symbol

Bearbeiding: Designar Ingvild Mork
Bearbeiding: Designar Ingvild Mork

Dette flotte skjoldet er det nye symbolet til Sunnmøre middelalderfestival.

Våpenskjold er eit kjenneteikn som er sett saman av ein figur og fargar. Skjoldet vart nytta både på fysiske skjold og som identifikasjon på gjenstandar og brev.

Våpenskjoldet vi nyttar har utgangspunkt i skjoldet til Bjarne Erlingsson av Giske og Bjarkøy (ca 1250-1313) og syner ein ståande griff.

Bjarne Erlingsson var son til lendmann Erling Ivarsson i Bjarkøy og gift med Margrete Nikolasdotter av Giske.

Frå slutten av 1200-talet hadde han hand om Bjarkøygodset i Troms og det veldige Giskegodset på Sunnmøre og i Romsdal. Han var soleis den største private jordegodseigaren i landet.

I tillegg var Erlingsson både baron og drottsete, riksstyrar under den umyndige kong Eirik II Magnusson og fast medlem i riksrådet både under Eirik Magnusson og faren Magnus Lagabøte.

Erlingsson var også mykje nytta som sendmann eller diplomat. Det var på ei slik ferd på veg til Skottland han døydde i 1313.

Festivaldagar på Middelaldermuseet 3.-4. juni. Kjøp billett
Med leik og læring, lyder, lukter og fargar - iscenesett av gjøglarar, musikarar, hærmenn, handverkarar og kremmarar tek vi deg tilbake til mellomalderbyen Borgund si storheitstid!

Heidi A.Haugene

Avdeling kulturhistorie: Konservator

988 93 947 / heidi@vitimusea.no

Nytt symbol — Viti — Viti