Nytt notehefte!

"Stamparen og 11 andre slåttar frå Møre og Romsdal"
Møre og Romsdal har eit stort mangfald av tradisjonsmusikk. Målet til Folkemusikkarkivet i Viti er å gjere innhaldet i samlingane våre tilgjengeleg. Dette noteheftet er eit tiltak på vegen. Med heftet ynskjer vi å gjere det lettare for toradarinteresserte, både enkeltpersonar og toradarlag, å ta i bruk meir av tradisjonsmusikken.
Noteheftet inneheld 12 slåttar frå ulike stader i fylket. Marius Berglund har tilrettelagt slåttane for toradar med både vanlege notar, og talnotar. Nokre er arrangert med to stemmer, medan andre berre har ei stemme. Slåttane spriker i vanskegrad, så alle kan finne noko som passar sitt nivå.
I 2020 gav Folkemusikkarkivet ut noteheftet “Klinken og 16 andre slåttar frå Møre og Romsdal”. Interessa for heftet var så stor at vi no har laga eit til. Til saman er det no nesten 30 tilrettelagte slåttar å bryne seg på.
Ynskjer du å få tilsendt eit eksemplar?
Send bestilling til anna.gjendem@vitimusea.no
Pris 200kr + evt. porto

Anna Gjendem
Avdeling kulturhistorie: Konservator fellesteneste folkemusikk
47 40 93 02 / anna.gjendem@vitimusea.no