Aktuelt

Ny skipper i Viti

Marie Vermesch (midten) etter overfarten med frivillige på Shetland med MK Heland. Foto: Viti
Marie Vermesch (midten) etter overfarten med frivillige på Shetland med MK Heland. Foto: Viti

Stiftinga Viti har tilsett Marie Vermesch som skipper for dei store fartøya i museet, bankskøyta Storeggen av Aalesund og fiskekuttaren MK Heland.

Marie er ein erfaren skipper, mellom anna frå Hardanger Fartøyvernsenter. Ho har også god erfaring med Viti sine farty og førte MK Heland saman med frivillige over til Shetland i 2025, i samband med frigjeringskonvoien, 80 år etter andre verdskrig.

- Med Marie er vi sikra trygg drift av båtar og kystkultur og ikkje minst får vi ein tilsett som har svært godt samarbeid med våre driftige frivillige, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Rotevatn var også med som mannskap saman med Marie Vermesch under Shetlandskryssinga.

Viti er ein av Noregs største formidlarar av kystkultur og flytande farty med 10 operative båtar. Det er strenge sikkerheitskrav for å kunne føre born og skuleklasser i båtar på hav og fjord.

- Straks startar båtsesongen, med Borgundfjordfisket som vårens store eventyr. I løpet av året vert det opplevingar for skuleklasser og publikum med segling og roing, fleire stader på Sunnmøre, seier Rotevatn.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Adm. og leiing: Administrerande direktør

+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no

Ny skipper i Viti — Viti — Viti