Aktuelt

Ny lansering med Kystverkmusea

Visste du at det er bygd 30 fyrstasjonar i Møre og Romsdal?

Fyra var bygd over ei periode på 155 år. Dei aller fleste vart sett opp i tidsbolken 1850 til 1893.

Tenk deg kysten utan fyr. Utan lys og lyd som kan syne deg sjøvegen? For å hjelpe dei sjøfarande budde det familiar ute på fyra som passa lyset og dei som ferdast på havet. I dag er det ingen fyrvaktarar attende. No er dei fleste fyrstasjonane eigd av Kystverket. I samarbeid med frivillige lag og foreiningar prøver ein å gjere fyra tilgjengelege for alle.

Her kan du lære meir om alle fyra som er bygd i fylket. Viti/Kystverkmusea har laga ei oversikt som du finn her.

Ny lansering med Kystverkmusea — Viti — Viti