Aktuelt

Ny kurator i Viti

Solfrid Otterholm (38) er tilsett som kurator for kunst i Viti og tek over for Benedikte Holen som nyleg gjekk over i stillinga som fagdirektør for kunst. Kunstavdelinga i Viti forvaltar og driv Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund og Anders Svor-museet i Volda.

Solfrid Otterholm kjem frå Ålesund og har ein master i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har vore tilsett som kurator formidling ved Jugendstilsenteret og KUBE sidan 2016 og har dei siste to åra vikariert som kurator. Otterholm har òg brei erfaring frå andre kunstinstitusjonar, og før ho kom til sin noverande arbeidsplass arbeida ho mellom anna i 7 år ved Bergen Kunsthall.

- Vi er særs glade for å få med oss Solfrid over i ei ny rolle i museet. Ho har brei erfaring frå ulike rollar i fleire ulike kunstinstitusjonar og eit stort nettverk. Med hennar fagkompetanse på jugendstil og samtidskunst vil ho bidra positivt inn i utstillingsverksemda og samlingsarbeidet til museet i åra framover, seier fagdirektør Benedikte Holen.

Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund og Anders Svor-museet i Hornindal i Volda er ei fagspesialisert avdeling i Viti. Jugendstilsenteret og KUBE er kunstmuseet i og for heile Møre og Romsdal fylke og har eit nasjonalt ansvar for jugendstilen. Viti er det konsoliderte regionmuseet på Sunnmøre og er største kulturarbeidsplassen mellom Bergen og Trondheim.

Solfrid Otterholm. Foto: Kristin Støylen
Solfrid Otterholm. Foto: Kristin Støylen
Ny kurator i Viti — Viti — Viti