Ny kurator i VITI

Pressemelding: Ny kurator i VITI
Håvard Holmefjord (37) er tilsett som kurator ved kunstavdelinga i Viti frå januar 2026. Han skal jobbe særleg med jugendstil- og skulptursamlinga til kunstmuseet. Viti forvaltar og driftar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund og Anders Svor-museet i Volda.
Håvard Holmefjord kjem frå Bergen og har ein MA i estetiske fag frå OsloMet, i tillegg til ein BA i kunst og praktisk-pedagogisk utdanning frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen.
Han har vore i eit engasjement ved kunstmuseet det siste året og har jobba med begge dei to samlingane han no skal ha eit særleg fagleg ansvar for. Tidlegare har han jobba mellom anna for Norske billedkunstnere (NBK), Norske kunsthåndverkere (NK) og kommunikasjonsbyrået St. Hans.
– Med Håvard Holmefjord får vi ein kurator med ein sterk penn, eit skarpt blikk og god forståing for kunsten og kunstmuseet – vi gler oss til å ha med Håvard vidare, seier fagdirektør Benedikte Holen.
Kuratoren sjølv gler seg til å ta fatt på arbeidet i tida som kjem.
– Først og fremst er eg utruleg takksam for å ha fått denne moglegheita. Det gir ei ekstra tryggleik å kome inn i ein stab som er så full av kompetanse og tillit. Det har så langt vore ei glede å samarbeide med dei alle, seier han.
Kunstavdelinga i Viti består av Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund og Anders Svor-museet i Hornindal . Museet har eit nasjonalt ansvar for jugendstilen, Anders Svor sin kunst og kunst knytt til Møre og Romsdal. Viti er det konsoliderte regionmuseet på Sunnmøre og er største kulturarbeidsplassen mellom Bergen og Trondheim.