Aktuelt

Nasjonal pris til Viti

Viti gjekk til topps og er stolt vinnar av Norsk publikumsutvikling sin pris i kategorien UTVIDER. Prisen vart utdelt av tidlegare statsekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag. Fagdirektør kulturhistorie, Ingvil Eilertsen Grimstad og formidlingskurator Hilde Marie Blindheim tok imot prisen på vegne av Viti.

I grunngivinga til juryen står det mellom anna: «Musea Viti vinner NPU-prisen i kategorien Utvider for sitt arbeid med å styrke museets posisjon i lokalbefolkningen gjennom forvaltning og formidling som senker tersklene for grupper som normalt ikke deltar i det offentlig finansierte kulturlivet. De jobber kunnskapsbasert og strategisk med en hel vifte av tiltak rettet mot ulike grupper som normalt faller utenfor, og de jobber gjennomgående medskapende med sine målgrupper.»

- Viti har samarbeidd med mange i fleire kommunar og samfunn, særleg frivillige og offentlege instansar, i arbeidet med å treffe nye målgrupper. Takk til alle som har stilt opp og bidratt! Ikkje minst takk til dei flinke tilsette og leiarar som tenker nytt, er modige, og ser etter nye vegar og nye metoder for å formidle vår kunst og kulturarv, også for dei som «ikkje går på museum». Aller størst takk til vårt flotte publikum! seier ein stolt Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti.

Om NPU:
Norsk publikumsutviklig (NPU) har som formål å styrkje posisjonen til kunsten og kulturen i samfunnet gjennom auka publikumskompetanse. Kjerneverksemda er NPU Monitor - eit nasjonalt analyseverktøy.

Foto: Pressefoto

Nasjonal pris til Viti — Viti — Viti