Møblar for kroppen – og for auget!

Møbelmuseet inviterte tidleg i juni alle elevane i åttande-klassene ved Sykkylven ungdomsskule til å prøve seg som møbeldesignarar. Oppgåva var å teikne favorittmøbelet, og dei vart stilte fritt med omsyn til møbeltype.
Opplegget var slik at elevane først hadde ein skuletime på museet der dei fekk litt informasjon om kva ein møbeldesignar må tenke på før han/ho skrid til verket.
Skal dette vere eit møbel for born, unge eller godt vaksne, skal det vere eit møbel i tre, stål eller plast? Skal det vere eit lite møbel, skal det vere i gammal eller futuristisk stil?
Fantasi
Elevane fekk gå rundt i museet og studere møblane som er utstilte, og ikkje minst prøvesitje dei. At eit møbel er godt å sitje på og enkelt å bruke er viktige eigenskapar. Og designarar må også tenke på at eit møbel skal selje, og at det er mogleg å få gjennom produksjonen i ei bedrift utan for mykje strev og omvegar.
Men eit møbel kan også eggje fantasien og by på opplevingar som brukaren ikkje hadde tenkt på at eit møbel kunne gje.
Elevane gjekk laus på oppgåva med iver. Nokre arbeidde på eigahand, medan andre myldra ideer i grupper på to, tre og fire.
Stol-rom
Etter runden på museet, tok dei med skissene dei hadde laga tilbake til skulen, og teikna dei ut.
Så var det juryen sin tur til å arbeide. Møbelmuseet sin historikar allierte seg med møbeldesignaren Svein Asbjørnsen i juryarbeidet. Det var stor spennvidde i forslaga som kom inn.
Stolteikningane dominerte, og det er tydeleg at ungdommar vil ha komfotable stolar, men også stolar som kan romme fleire funksjonar enn berre å sitje på.
Nokre hadde tekna rom i stolane for oppvaring av snacks og drikke, andre hadde lagt inn bordplater som ein kunne dra fram når ein skulle spise eit måltid, og atter andre bygde stolen inne i eit miljø der ein også hadde ein skjerm slik at ein kunne late seg underhalde av spel og filmar.
Augestol
Andre ville ha møblar for folk som hadde vanskar for å sitje i ro, ei kjensle mange elevar nok har følt på kroppen under lange skuledagar.
Juryen greidde etter grundig vurdering å kome fram til fire finalebidrag, og av desse kåra dei ein vinnar som hadde teikna ein stol med auge som tema – «Lat oss sitje i eit augeblikk» var den talande tittelen på stolen.

Juryleiaren var fascinert over originaliteten som kom fram i skissa. Ein som våger å ta slike verkemiddel i bruk, kan kome langt, meinte han. Det gjeld å tenke litt utanfor boksen. Framtidas møbel er enno ikkje laga, skal ein vinne fram må ein kome med noko nytt, nett slik som Birk i klasse 8B som teikna ein augestol med vippar!

