Møbelmuseet vert del av avdeling for kunst og design i Viti

Frå 1. mars vart det endringar i organisasjonsstrukturen i Viti, for å sko museet for framtida. Møbelmuseet i Sykkylven, som tidlegare har vore plassert i kulturhistorisk avdeling, flyttast over til kunstavdelinga som skiftar namn til avdeling for kunst og design.
Avdelinga har den faglege leiinga av Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, samt Anders Svor-museet i Hornindal. I tillegg til at Møbelmuseet får ny tilhøyrsle i organisasjonen skal også ansvaret for tekstilsamlinga i Viti leggjast til den same avdelinga, som leiiast av avdelingsdirektør Benedikte Holen.
- Dette grepet synleggjer dei faglege koplingane mellom kunst, design, arkitektur, møbel og tekstil. Når vi samlar desse fagfelta, legg vi til rette for ny innsikt, nye perspektiv og eit sterkare samla fagmiljø for kunst og design i Viti, seier Benedikte Holen. Holen presiserer at det ikkje vert store endringar i tilstadevering og opningstider i Sykkylven.
Omorganiseringa er eit resultat av ein god intern prosess i Viti.
- Stiftinga Viti gjer strategiske endringar i organisasjonen for å imøtekome fagleg utvikling og satsing i det konsoliderte museet. Vi har hatt ei brei medverknad frå alle tilsette for å gjere Viti sterkare og levere betre tenester til samfunnet, seier administrerande direktør i Stiftinga Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Som resultat av endringane i organisasjonsstrukturen lyser Viti ut to sentrale stillingar: ein Samlingsforvaltingsleiar og ein Drift- og sikkerhetsleiar.
Kulturhistorisk avdeling i Viti er leia av Ingvil Eilertsen Grimstad, som i tillegg til dagens ansvarsområder tek over ansvaret for båt, antikvariske bygg og samlingsforvaltinga i Viti. Christel Martinussen er avdelingsdirektør for Administrasjon og drift.
- Stiftinga Viti er ein moderne kompetansearbeidsplass og den største kulturinstitusjonen i fylket. Vi har eit solid fundament for satsing på kunst og kulturarven vår vidare. Ein tett dialog med kommunar, fylke og stat har, saman med faglege behov for fornying, vore medverkande til at vi no gjer desse grepa, avsluttar Rotevatn.

Benedikte Holen
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kunst og design
976 81 666 / benedikte@vitimusea.no

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no