Aktuelt

Møbelhistorisk sus i Skodjebygda

For få tiår sidan var det ti møbelfabrikkar på ei kort strekning i sentrum av Skodje. I dag er alle fabrikkbygga nytta til andre ting enn møbelproduksjon, men minna om då Skodje var ein av dei store møbelkommunane på Sunnmøre lever. Og det var stor interesse for å få vite meir om møbelhistoria på Skodje då Møbelmuseet, i samarbeid med Skodje sogelag, inviterte til møbelvandring søndag. Om lag 100 personar var samla då historikar ved Møbelmuseet, Eldar Høidal, kunne ønske velkomen til vandringa i startpunktet ved Korsvegen.

Høidal, som for kort tid sidan skreiv allmennsoga for Skodje i nyare tid, påpeika at det var nokså naturleg at det vart ein tidleg trevare- og møbelindustri i Skodje. Bygda vart kalla den fremste skogbygda på Sunnmøre, og det voks fram ein nokså allsidig trevareindustri allereie mot slutten av 1800-åra. Elles var Skodje landfast i høve til dei store marknadene aust om fjella. Etter krigen var her fleire transportselskap som kunne bringe møblane ut. Det var ledige tomteareal og god tilgang på kyndig arbeidskraft.

Møbelvandring. På vei til Brødrene Nedreskodje
Møbelvandring. På vei til Brødrene Nedreskodje

Tripp Trapp-stolen

Det var Øystein Strømsvik som losa dei frammøtte gjennom den møbelhistoriske løypa, og som den gode forteljar han er sørga Strømsvik for at faktainformasjonen vart krydra med artige episodar, fleire av det sjølopplevde slaget.

Arrangørane hadde også alliert seg med personar som kjende godt til dei forskjellige bedriftene. Mellom desse er Torbjørn Vadset. Han kunne fortelje at far Elias under krigen byrja med framstilling av kostar og at han etter kvart gjekk over til møbelproduksjon. Soveromsmøblar og settbord var tidlege salssuksessar. Bedrifta var elles den første som produserte delar til den kjende Tripp Trapp-stolen, Noregs mest selde møbel. Bedrifta er den einaste av dei som var omtala under vandringa som framleis er i drift, no med produksjon av profilerte lister i industriområdet i Furlia.

Møbelvandring. Start ved Korsvegen med Øystein Strømsvik
Møbelvandring. Start ved Korsvegen med Øystein Strømsvik

Møblar til Stortinget

Svein Ødegård fortalte om Ødegårds Møbelfabrikk som faren Knut og onkelen Rolf etablerte i 1947. Møblane dei laga var stoppa møblar, enkle stolar, men også fleire varianter av sofagrupper. Den mest kjente stolen var Ola-stolen som blei seld over heile landet, også eit stort parti til Stortinget. Den var designa av Ingmar Relling frå Sykkylven. Også den kjende designaren Fredrik Kayser teikna møblar for Ødegård-brørne.

Då følgjet kom fram til den tidlegare fabrikken til Brødrene Nedreskodje, Ole og Lars, fekk dei sleppe inn i kjellaren der det såg ut om lag slik det var då produksjonen vart avvikla seint i 1960-åra. Både Åsmund Lillebø og sonen til Lars, Bjørn Nedreskodje, hadde minne frå drifta av fabrikken som dei formidla på levande vis.

Møbelvandring. Svein Ødegård orienterer om Brødrene Ødegård
Møbelvandring. Svein Ødegård orienterer om Brødrene Ødegård
Møbelvandring. Verkstedet til  Brødrene Nedreskodje
Møbelvandring. Verkstedet til Brødrene Nedreskodje

Stor møbelbutikk

Også Ekrol-bedrifta Tema Møbler og Skodje Fabrikker fekk omtale. Det var 90 år gamle Sigmund Tennfjord som formidla den ganske eventyrlege soga om Skodje Fabrikker som både laga salongmøblar og dreiv stort med ambulerande sal frå bussar over heile landet. I tillegg dreiv dei store møbelforretningar både i Stavanger og i Oslo-området. Etter ei tid satsa dei berre på handel og i Skodje dreiv dei den største møbelbutikken mellom Bergen og Trondheim. Seinare vart det kjøpesenter i dei samme lokala.

Einaste kvinnelege informanten var Tove Ytrelid Andersen som fortalde om bedrifta som faren, Karsten Ytrelid, dreiv. Han laga mellom anna tregrinder til dei andre salongmøbelprodusentane.

Etter vandringa var det samling på Gomerhuset der leiar i Skodje sogelag, Kjell Sindre Tysse, viste bilete slik at vandredeltakarane fekk sjå korleis møbelfabrikantar frå Skodje møblerte norske heimar i om lag 50 år.

Møbelvandring. Tove Ytrelid Andersen orienterer om Karsten Ytrelid
Møbelvandring. Tove Ytrelid Andersen orienterer om Karsten Ytrelid
Møbelhistorisk sus i Skodjebygda — Viti — Viti