Møbelarkiv fram i lyset!
Møbelmuseet har fått tildelt 320.000 kroner frå Arkivverket for å ordne og registrere viktig møbelhistorisk kjeldemateriale.
Møbelmuseet har gjennom sine 30 år teke imot fleire arkiv etter bedrifter, designarar og bransjeorganisasjonar.
Det gjeld til dømes arkiv etter eksportorganisasjonen Westnofa, Møbelprodusentenes Landsforening, designkontoret Bruksbo, Hatlehols Trykkeri og møbelbedriftene Tynes, Vestlandske, Vik & Blindheim, Brunstad og P.I. Langlo/Ekornes Stranda.
På grunn av mangel på kapasitet har desse arkiva vore uordna fram til i dag. No skal dei ordnast og bringast fram i lyset, og bli tilgjengelege for alle som vil bli nærare kjende med sentrale aktørar i norsk møbelhistorie.
Historikar ved Møbelmuseet, Eldar Høidal, seier at stønaden frå Arkivverket bringer møbeldokumentasjonen ved Møbelmuseet eit stort steg vidare.
– No kan vi få detaljkunnskap om kva som ligg i arkiva som vi har hatt i museet i mange år. Arkiva blir langt meir tilgjengelege for dei som vil lære meir om norsk møbelhistorie. Dette vert den første større gjennomgangen av arkiv frå møbelindustrien, ei viktig industrigrein for heile Vestlandet i etterkrigstida.
Sønaden som resulterte i løyvinga frå Arkivverket er utarbeidd i samråd med Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal (IKAMR), og arkivordninga vil skje i samarbeid med dei.


