Aktuelt

MK Heland - ein del av frigjeringskonvoien 2025

Foto: The Liberation Convoy 2025
Foto: The Liberation Convoy 2025

Tysdag 29. april kastar MK Heland loss frå museumskaia og set kursen mot Bergen og starten på ei storslått markering av 80-årsjubileet for fred i 1945.

Saman med fire andre historiske fartøy seglar Heland vidare i konvoi frå Bergen til Lerwick, Shetland, der frigjeringsdagen 8. mai markerast.

Etter markeringa i Lerwick vil fartøya dele seg for å besøkje ulike hamner før dei returnerer til Noreg. Under kvart stopp vert publikum ønskja velkomen om bord.

MK Heland er eit av dei flytande kulturminna i Viti. Fiskekuttaren bygd i 1937, var ein av shetlandsbussande under andre verdskrigen.

No, 80 år seinare, etter ein imponerande innsats av dei frivillige i dugnadsgruppa Helands venner saman med tilsette i Viti, er Heland klar for jubileumstur.

Les meir om jubileumsturen, seglingsplan, Helands venner og historia til MK Heland.

MK Heland - ein del av frigjeringskonvoien 2025 — Viti — Viti