Minneord Torbjørn Nedregotten Akslen

Museet har mista ein berande vegg. Fagdirektør for samling og bevaring i regionmuseet Stiftinga Viti døydde 7. mai 2025, berre 48 år gamal.
Torbjørn Nedregotten Akslen kom flyttande heim til Ålesund i 2011, etter å ha tatt hovudfag historie ved Universitetet i Bergen og fleire år som tilsett ved Bymuseet i Bergen der han jobba som konservator ved Lepramuseet og Bergen Skolemuseum/Holbergmuseet.
Han vart tilsett som dokumentasjonsansvarleg ved den unge institusjonen Jugendstilsenteret og KUBE. Etter tre år gjekk turen over til Aalesunds museum og Fiskerimuseet der han var avdelingsleiar. Her gjorde han eit framifrå jobb med å løfte det museumsfaglege arbeidet. Han registrerte og sikra samlingane, laga nye utstillingar, pussa opp kontorlokala og laga fleire nye formidlingsopplegg. Besøkstala auka med fleire tusen og med Torbjørn i leiinga var Aalesunds museum ein kjekk stad å jobbe.
I 2018 gjekk turen vidare til Borgundgavlen og Sunnmøre museum, der Torbjørn var konstituert som administrerande direktør i dåverande Stiftinga Sunnmøre museum. Då museet, no Stiftinga Viti, var ferdig konsolidert 2019, fekk han stillinga som fagdirektør for avdeling for samling og bevaring. Torbjørn hadde det faglege ansvaret for dei store museumssamlingane i heile regionen vår, og personalansvar for mange medarbeidarar. Han var fast medlem i Viti si leiargruppe.
Torbjørn tok på seg krevjande leiaroppgåver, men først og fremst var han ein framifrå og intellektuell fagperson, og ein varm og raus kollega. Viti har mista ein av våre sterkaste fagfolk. Torbjørn var den som løfta blikket. Den som stilte spørsmål, er du sikker på det? Han var den som kvar gong leverte presis, og med høgste kvalitet. Alltid med eit solid planverk i botnen – forfatta av hans glimrande penn og solide språk.
Torbjørn kunne brukast til alt. Med kvite hanskar handterte han skjøre gjenstandar. Med erfarne hender kunne han setje segl på museumsskipet Storeggen. Han skreiv vakre fagtestar, mellom anna om dei rosemåla fjølene frå stavkyrkja i Ørsta. Han trollbatt publikum med sine føredrag om Allmugeskulen. Han festa dei siste hyllene med hammar før utstillingsopninga på Sunnmøre museum. Han var ujålete. Med den største sjølvfølgje tok han på seg forkleet og steikte sveler til publikum på Brudavolltunet.
Vi lærte Torbjørn å kjenne som ein kunnskapsrik mann, medhumor, sjølvironi og ein herleg latter. Han hadde varm omsorg for kollegaene han var sjef for. Han møtte den enkelte med stor respekt og såg kvart menneske for den dei var, om det var kulturministeren på omvising eller ein sommarvikar som klipte plen på museet.
Då Torbjørn fekk tilbakefall av kreften i september 2023, ynskte han å arbeide så mykje som helsa tolte. Arbeidet betydde mykje for han, og også i sjukdomsperioden leverte han viktig fagleg arbeid av høgste kvalitet. Stadig fekk vi sms-ar og e-postar med betraktningar, vurderingar, skjemt og alvor. Vi fekk tid til dei djupe samtalane og dei lange perspektiva, både på kontoret og ved sjukesenga. Han var raus og nær heile vegen.
Arbeidet etter Torbjørn vil prege museet i mange, mange år. Når framtidas forskarar skal granske gjenstandar, bygningar, historia og kulturarven på Sunnmøre, vil dei treffe på Torbjørn sitt arbeid. Det skal vi vere takksame for.
Museet står no ope og sårbart utan bereveggen vår. Vi takkar for alt vi fekk lære, dele, utvikle og oppleve saman. Våre tankar går i dag først og fremst til Ragnhild og dei kjære sønene Simon og Jakob Timothy.
Vi som er att i museet dag, kan berre gjere det vi kan, for å prøve å leve opp til Torbjørn sin høge faglege og mellommenneskelege standard.
Takk for alt du var for oss, kjære kollega og ven.
På vegner av alle tilsette i Stiftinga Viti
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Administrerande direktør