Aktuelt

Milliondryss til Stiftinga viti

Regjeringa gir Stiftinga Viti 1,5 millionar kroner i ei ekstraordnær løyving til nødvendig vedlikehald i regionmuseet. Det kom fram då finansminister Trygve Slagsvold Vedum møtte museumsleiinga ved Anders Svor-museet i Hornindal torsdag.

- Vi vil bidra til å kunne ta vare på denne unike kunsten og tette noko av vedlikeholdsetterslepet i Stifting Viti, seier Slagsvold Vedum.

-Endeleg vart vår vesle, men viktige kunstmuseum i distriktet sett! Dette er ein god dag for vår felles kulturarv. Dette betyr mykje og er særs kjærkomne midlar, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Stiftinga Viti.

Ordførar i Volda Kommune Sølvi Dimmen. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, Administrerende direktør i stiftinga Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, varaordførar i Volda Kommune Sverre Leivdal og fagdirektør for kunst i Viti, Benedikte Holen
Ordførar i Volda Kommune Sølvi Dimmen. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum, Administrerende direktør i stiftinga Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, varaordførar i Volda Kommune Sverre Leivdal og fagdirektør for kunst i Viti, Benedikte Holen

Den norske kulturarven har eit stort etterslep på nødvendig vedlikehald på bygningar og gjenstander. Stiftinga Viti har søkt om midlar frå Statsbudsjettet til vedlikehald i ei årrekkje. Regionmuseet har ansvaret for fleire freda bygningar. Drift og vedlikehald av eit desentralisert museum i eit stort geografisk område, er krevande.


- Her ved Anders Svor-museet i Volda treng både bygninga og gjenstandane sårt vedlikehald. Det same gjeld Jugendstilsenteret, som er ein nasjonal og freda kulturbygning. Behovet er stort og pengesjekken er ei god hjelp. No skal vi lage ein god plan for å bruke midlane på best mogleg måte, seier fagdirektør for kunstavdelinga i Viti, Benedikte Holen.

En hvit kirke med gul gavl står foran en tåkelagt fjellside med granskog.
Foto: Marius Beck Dahle / Viti


Anders Svor-museet har vorte sett på den politiske dagsorden, etter at det vart kjent at museet ikkje har driftsmidlar, som ein glipp i regionreformen. Både ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, og fylkesordførar Line Hoem, har engasjert seg i saka.

-No set vi vår lit til at Senterpartiet og Arbeidarpartiet i felleskap finn ei god og varig løysing for Viti i Statsbudsjettet, så vi også kan halde dette vakre museet ope, seier Rotevatn. Begge regjeringspartia har lova å sjå på ei varig løysing.


- Målet vårt er å utvikle museet og gjere det spennande både for oss som bur her og for reiselivet. Distrikts-Noreg både vil og kan tilby kunst –og kulturopplevingar av høg kvalitet. Då treng kulturarven også trygge økonomiske rammer for drift, avsluttar Holen og Rotevatn.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Adm. og leiing: Administrerande direktør

+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no

Anders Svor-museet

Anders Svor-museet, Volda

Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet, og rommar fleire av bilethoggaren sine viktigaste arbeid.

Milliondryss til Stiftinga viti — Viti — Viti