Aktuelt

Midlar til formidling med bankskøyta

Viti har fått tildelt midlar frå Stiftelsen Kjell Holm til aktivitetar og formidling med bankskøyta Storeggen av Aalesund. - Vi er svært glade for løyvinga til dette tilbodet som er heilt unikt for Ålesund og Sunnmøre. Aktiv formidling og vedlikehald skjer året rundt, og vi er heilt avhengige av både ekstern støtte og driftige frivillige for å få det til, seier fagdirektør i Viti, Ingvil E. Grimstad.

I desse dagar kan ein sjå bankskøyta for segl på Valdehaugfjorden. Det er ungdomsskuleelevar i Ålesund kommune som er mannskap under opplegget God Bør.

Passasjerer med norskflaggede redningsvester står på dekket av en seilskute under hvite seil mot bl.
Ungdomsskuleelevar i Ålesund kommune som er mannskap. Foto: Lars Leine / Viti

Formidlingsopplegg for skuleelevar
Gjennom 2023 ønskjer Viti å tilby formidling og opplevingar for eit breitt publikum kring Bankskøyta og Ålesund si fiskerihistorie.
- Programmet for året inneheld formidlingsopplegg for skuleelevar i Ålesund med opplegga Førstereis med Storeggen og God Bør. Tilboda er svært populære, og vi har opplevd å ha ventelister, seier Grimstad.

På turné i heile regionen
Bankskøytefisket er ein del av regionen si felles historie. Viti dreg derfor med bankskøyta på turné til andre kommunedelar for å formidle samanhengen og å lettare nå elevar med lang reiseveg.

- Med å oppretthalde dette tilbodet får elevar frå heile den vidstrakte Ålesund kommune oppleve Molovegen, Fiskerimuseet og bankskøyta, seier Grimstad.

For eit ope publikum tilbyr Viti fisketurar med bankskøyta under Borgundfjordfisket, seglturar, aktivitetsdagar og tek del i ulike arrangement i byen. Om sommaren er det omvising for besøkande både på Fiskerimuseet og om bord i bankskøyta Storeggen.

Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Midlar til formidling med bankskøyta — Viti — Viti