Midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Det frivillige arbeidet i Viti skal verte meir synleg
Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt 260 000 NOK til eit pilotprosjekt for registrering av den frivillige innsatsen i Viti. Viti skal utvikle eit system og gjere seg erfaringar, som også dei andre regionmusea i fylket kan gjere seg nytte av.
Regionmusea i Møre og Romsdal har ei brei samansett frivilligheit, og dei frivillige er ein stor ressurs. Dei er hender under arrangement, dei er kompetanse, dei er ambassadørar for musea og dei er nødvendig hjelp for t.d. vedlikehald av storbåtane. Frivilligheit skaper dessutan meiningsfulle fellesskap.
Viti har etablerte frivilliggrupper på Sunnmøre museum og Middelaldermuseet, Sykkylven naturmuseum, Møbelmuseet, Brudavolltunet, Kystverkmusea, i tillegg til dugnadsgrupper, ulike regionlag innan lokalhistorie og folkemusikk og enkeltståande frivillige som arbeider med prosjekt.
Leiar for det frivillige arbeidet i Viti, fagdirektør Ingvil E. Grimstad, meiner at innsatsen til dei frivillige er altfor lite synleg og uoversiktleg, og at det er vanskeleg å drive rekruttering. “Regionmusea skal prioritere arbeid med det frivillige, og vi er svært glade for at fylkeskommunen følgjer opp sine ambisjonar ved å gi oss støtte til å utvikle eit godt verkty for registrering av frivilligarbeid”. Viti har begynt arbeidet, og i løpet av året vil museet teste ut og involvere dei frivillige i utviklinga av systemet.

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no