Lokal entreprenør vann anbod på Svor-museet
Stiftinga Viti skal rehabilitere Anders Svor-museet, og entreprenørfirmaet Aambakk vann anbodet. - Eit stort løft for museet, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti.
Det er eit stort arbeid som skal gjerast på Anders Svor-museet i Hornindal. Det mest synlege er at vindauga skal skiftast og det vert ny universell inngang på baksida av huset.
- Saman med ingeniørkontoret Ose har vi gjort ei behovsvurdering for kva som bør prioriterast i rehabiliteringsarbeidet for sjølve bygget, seier Rotevatn.
Då Viti overtok bygget frå Volda kommune, vart det løyvd midlar både frå stat og kommune for å ta att noko av vedlikehaldsetterslepet. Noko arbeid er allereie gjort, som rehabilitering av tredøra i fronten på bygget og reperasjon av fontena. No skal det altså gjerast eit større arbeid på huset.
- Vi er glade for at det finst lokal kompetanse som kan utføre dette arbeidet, seier Rotevatn.
- Dette er eit spennande prosjekt som no skal gjennom ei oppgradering med hensyn på vindauge, ytterdør og rehabilitering av delar på yttervegg, både innvendig og utvendig. Det er særs viktig å oppretthalde støvtetting og fukt - med hensyn til innvendig kunst, herunder innvendig klima. Vi har hatt god dialog med Viti som tiltakshavar, samt Ose som tiltakshavars byggeleiar og ser fram til eit vidare godt samarbeid, seier Martin Aambakk.
Viti har også arbeidd med tilstandsvurdering av alle gjenstandane, av eit eksternt innleigd team med skulpturkonservatorane. Fleire av skulpturane er no flytta og forsvarleg innpakka, slik at dei vert beskytta under renoveringsarbeidet.
- Museet vert no stengt medan arbeidet pågår og det vert ein bygningsrigg utanfor museet. Vi håpar å opne til sommarsesongen og vil informere fortløpande på heimesidene våre, avsluttar Rotevatn.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no

