Ledig stilling som tilkallingsvikar

Ledig stilling som tilkallingvikar ved Anders Svor-museet
Er du serviceinnstilt og har interesse for kunst og kultur? Stiftinga Viti søkjer deg for tilkallingsoppdrag som museumsvert ved Anders Svor-museet!
Søknadsfrist: snarest
Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgjeven av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864--1929). Anders Svor-museet er ein del av Stiftinga Viti og ligg under avdeling for kunst.
Stillinga følgjer ikkje fast turnus, og ein må rekne med arbeid både på dag- og kveldstid, i vekedagar og helg.
Vi søker deg som er:
- Interessert i kunst og kultur
- Imøtekomande
- Serviceinnstilt
- Punktleg
- Fleksibel
Arbeidsoppgåver:
- Opning og stenging av museet
- Yte service og gje informasjon til publikum
- Billettsal og anna sal i museumsbutikken
- Mottak av publikumsgrupper
- Vakthald i museet
- Vertskap ved arrangement
- Noko reinhald
- Museumsfaglegeoppgåver tilpassa kvalifikasjonar
Språkkunnskapar utover norsk og engelsk vil telje positivt.
Vi kan tilby:
Løn i stillingskode 1078 betjent frå 374 000,- til 418 500,- ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Stillingane følgjer ikkje fast turnus, og ein må rekne med arbeid både på dag- og kveldstid, i vekedager og helg.
Kontaktperson for stillingen:
Turi Hoem
Marknadskoordinator
