Lagar du produkt i småskalaproduksjon?
Lagar du tradisjonshandverk eller juleprodukt i småskalaproduksjon som du gjerne vil prøve å selje? Då kan kanskje ei marknadsbud på Sunnmøre museum sin førjulssøndag 3. desember vere noko for deg?
Her er det rom for alt frå heimestrikk, julepynt og ulike typar bakst til treprodukt og varer med særpreg.
Det vert inntil 11 salsbuder fordelt på området ved Kyrkjebudene og Buholmen. Vi stiller med marknadsbud (bord og tak). Gratis for deg som vil selje.
Send ein e-post til richard@vitimusea.no Legg gjerne ved eit bilde av produkta dine. Vi gir deg beskjed om du får tildelt plass innan byrjinga av november.
Sjå bilete og les meir om Førjulssøndag
Foto: Siw Solvang / Viti



