Aktuelt

Lærer norsk på museum

Intro på Naturmuseet i Sykkylven
Intro på Naturmuseet i Sykkylven

Naturmuseet i Sykkylven har no starta opp eit nytt tilbod for elevar i norskopplæring. Med det nye programmet «Intro – Møt språket på museum» får elevane nytte museet som klasserom.

Førre veke var omlag 30 elevar frå norskopplæringa i Sykkylven på besøk på Naturmuseet.

Intro består av for- og etterarbeid for elevane og besøk på museet med undervisningsopplegg, og finst på tre ulike nivå, frå dei som nettopp er introdusert for norsk språk, til dei som kan lese og skrive litt norsk.

For elevane som deltok førre veke, verka opplegget å gi godt utbytte. Særleg forarbeidet gjer det lettare å kunne føre samtalar om det ein kan sjå på museet.

Besøkende ser på utstilte dyr i museet mens de holder gule kort under skiltet "Tjelden".
Severine Jarnes/Stiftinga Viti

Intro på Naturmuseet i Sykkylven er eit tilbod for Ålesund, Stranda, Ørsta og andre kommunar, og er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål.

Intro er utvikla av Stavanger museum for framandspråklege i norskopplæring, kor ein nyttar museet som alternativt klasserom. Undervisningsopplegget fokuserer på å lære elevane vanlege ord og omgrep som er lett tilgjengeleg innanfor kvart museum sitt tema, og som elevane vil ha bruk for i kvardagen.

Lærer norsk på museum — Viti — Viti