Lær om handelsstaden Borgund med nytt strategispel!

Vi lanserer eit historisk strategispel som utspelar seg i den tidlegare mellomalderbyen Borgund på Sunnmøre. Dette var ein kaupang, ein stad for kjøp og sal. Folk kom frå både fjern og nær for å handle. No kan du også handle som i mellomalderen!
Spelet er lagt til perioden 1050-1400. Vi følgjer ætta, og du tek du rolla som leiar over ei ætt i Borgund. Oppgåva di er å drive kjøp og sal av råvarer, gjere råvarer til handelsgods og oppgradere infrastrukturen i kaupangen. Du byggjer kyrkjer og administrative bygningar og driv handel med lokalbefolkning og langvegsfarande. Du skal sørge for at ætta di klarer seg i gode og dårlege tider.

I 1349 kjem Svartedauden, der om lag 60% av menneska i Noreg døydde. Dette set spor i lang tid, mellom anna for matproduksjon, handel, språk og kyrkja si makt. Etter denne tida handlar spelet både om at kaupangen skal overleve Svartedauden, og at ein framleis skal gjere seg gjeldande i ei tid der Bergen, og spesielt Hansaforbundet, veks fram.
Siger er å overleve, og du har suksess dersom kaupangen framleis er relevant 400 år seinare!
Lenke til strategispel, undervisningsopplegg og andre digitale ressursar omBorgundkaupangen: Borgund - Strategi spill - Tidvis
Spelet er utvikla av Tidvis og Viti, og er ein del av Møre og Romsdal fylke sitt verdiskapingsprogram “Ein bit av historia”