Kunståret 2026
Eit nytt og spennande utstillingsår på Jugendstilsenteret og KUBE i 2026!
Utstillingsåret 2026 vart sparka i gang torsdag 15. januar med opninga av den nye utstillinga Triumf – andre omgang.

Då vi inviterte kunstnarkollektivet Alt går bra til å skape eit nytt prosjekt saman med oss, var vi sikre på at dei ville utfordre og engasjere både oss og publikum – noko dei gjorde med første omgang av Triumf i fjor haust. Då tok kunsten plass i gangane til Ålesunds fotballklubb (AaFK) sin heimebane Color Line Stadion. No flyttar kunstnarane estetikken frå fotballen og fotballstadion inn i kunstmuseet, med ein installasjon som strekk seg over to etasjar. Prosjektet har blitt til gjennom eit godt samarbeid med AaFK, som også har lånt ut gjenstandar frå klubben si historie.
Vestlandsutstillingen opnar på KUBE 19.mars. Jugendstilsenteret og KUBE har vore vertskap for Vestlandsutstillingen sidan 2006. Utstillinga har som mål å vise samtidskunst av kunstnarar med tilknyting til vestlandet, og å spegle kunstscena i dei tre vestlandsfylka. Karl Edvin Endresen frå Kristiansund Kunsthall er kurator for utstillinga i år.
13. mai opnar vi ei stor utstilling med verk av den svenske kunstnaren, fotografen og globetrotteren Tyra Kleen (1874-1951). Ho levde eit sjølvstendig og eventyrleg liv i ei tid då kvinner mangla røysterett. Kleens årelange reiser til mellom anna Egypt, India, Sri Lanka og Indonesia var motivert av nysgjerrigheit og ei interesse for religiøse og andelege spørsmål.
Vi er stolte over å løfte fram kunstnarskapet hennar for publikummet vårt i den største presentasjonen av arbeida hennar til no, og for første gong i Noreg. Tyra Kleen. Ständigt sökande er kuratert av Helena Scragg i dialog med Karin Ström Lehander og er produsert av Norrköpings Konstmuseum i samarbeid med Uppsala konstmuseum, Bohusläns museum og Hallands Konstmuseum. Vi er svært glade for at dei ville samarbeide om å vise utstillinga hos oss.
24.september opnar årets siste utstilling. Vi har invitert Damir Avdagic (f.1987) til å skape eit heilt nytt verk til det som blir den første museumsutstillinga hans. Han jobbar med tekst, performance og video, og verka tek opp i seg dei mange sidene ved tidlegare Jugoslavia, der Avdagic er fødd og har si familiehistorie.
Avdagic sitt kunstnarskap er konsentrert og presist med utgangspunkt i ei kompleks og konfliktfylt historie. I utstillinga som visast i KUBE blir nye arbeid kombinert med eldre verk, og sammenstillinga gir eit unikt innblikk i tematikken han jobbar med.
Utstillinger

Benedikte Holen
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kunst og design
976 81 666 / benedikte@vitimusea.no



