Kunståret 2025
I 2025 er det 20 år sidan Kube opna. I anledning jubileet byr vi på ei omfattande retrospektiv utstilling med Sidsel Colbiørnsen og eit møte med kunsten til Espen Gleditsch. I haust vil òg dei to kunstnarane i kollektivet Alt går bra jobbe med unge om eit medverknadsprosjekt. Resultatet blir ei utstilling som skal visast i Kube i 2026. I tillegg vil vi òg syne samarbeid med Høstscena og Vestlandsutstillinga.

Største motstands vei. Sigurd Winge.
21.11.24 –16.3.2025
Den omfattande presentasjonen av Sigurd Winge sin kunst held fram til 16. mars. Dette er den største Winge-utstillinga på snart femti år, og gir ein unik moglegheit til å bli betre kjend med hans kunst.
Flukt-Frihet. Sidsel Colbiørnsen retrospektiv.
10.4– 14.9.2025
Sommaren 2025 viser vi ei omfattande retrospektiv utstilling med Sidsel Colbiørnsen sine arbeid i Kube. Biletvevnadar og skisser vil fylle romma i utstillinga, desse har ho laga gjennom heile sitt virke som kunstnar, frå 1970-talet og fram til i dag. Utstillinga vil dokumentere hennar utvikling som kunstnar gjennom fem tiår, og er med på å skrive kunsten hennar inn i kunsthistoria.
mmmMarbles. Espen Gleditsch.
5.6. –14.9.2025
I året der kunstmuseet jubilerer passar det å dra inn ein kunstnar som set kunsten sin eigenverdi og museet sin praksis i perspektiv. Gjennom sommaren vil vi presentere delar av Espen Gleditsch si fotografiske serie mmmMarbles frå 2022 som mellom anna utfordrar musea sin status som kunnskapen si høgborg.
Alt går bra
Medverknadsprosjekt hausten 2025 og utstilling 15.1.– 8.3.2026
Vår jobb som kunstmuseum er å gjere kunst tilgjengeleg for folk. Kunsten er for alle, og ikkje berre dei innvigde. Dette er eit ansvar vi tek på alvor. Hausten 2025 har vi invitert kollektivet Alt går bra som er samansett av kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero. Dei skal jobbe saman med unge med interesse for kunst, om å lage ein serie med hendingar gjennom hausten 2025. Desse hendingane vil danne utgangspunkt for ei utstilling i Kube i 2026.
Solveig Styve Holte / Høstscena
25.9. – 5.10.25
Dansar og koreograf Solveig Styve Holte bur og arbeider på Folkestad i Volda. Ho er òg stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo. Holte jobbar ofte i kryssfeltet mellom dans og biletkunst, og i samband med Høstscena 2025 vil ho presentere stipendiatarbeidet sitt i Kube. Denne visninga vil gi innsikt i fleire av prosjekta ho har arbeidd med dei siste åra.
I 2025 har kunstavdelinga i Viti eit større samarbeid med Holte om prosjektet YKS Ung. Gjennom hennar verksemd Ysteholen koreografiske senter, gir dette prosjektet ungdommar erfaring med ulike koreografiske oppgåver og samarbeid med profesjonelle kunstnarar. YKS-ung er ein del av Styve Holte sitt stipendiatarbeid, og framsyninga som prosjektet resulterer i, blir vist både i Anders Svor-museet og i Jugendstilsenteret og Kube.
Vestlandsutstillingen 2025
30.10. – 7.12.25
Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling som har funne stad sidan 1922 med verk av kunstnarar som er tilknytte Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den går føre seg i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet. I 2025 er Vibece Salthe kurator for utstillinga.
Vi held fram med faste tilbod om alderstilpassa skuleformidling, opne omvisningar, foredrag og byvandringar også i 2025, og kjem med fleire tilbod til publikum gjennom året. Følg med – og hjarteleg velkomne til eit innhaldsrikt 2025 på Jugendstilsenteret og KUBE!
Utstillingar


Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund
Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.


