Interessert i planter og andre vekster?

På Sunnmøre museum og ved Middelaldermuseet finn du små, vakre hagar.
Hagen på Sunnmøre museum ligg ved Slettereitstova - tidlegare Hans Støms urtehage. I dag finn vi framleis urter her, sjølv om hagen no består av mest stauder i tillegg til nokre frukt- og bærtre.
I hagen ved Middelaldermuseet er det planta urter som ein trur dei har nytta i mellomalderen.
Har du "grøne fingrar"?
I sommar treng vi hjelp til å sjå etter desse hagane, med vatning og luking.
Kan du tenke deg å bli med på dugnaden? Send ein e-post til severine@vitimusea.no for meir informasjon.
Gjennomgang og opplæring blir gitt måndag 26. juni kl. 14.00.
Oppmøtestad: Middelaldermuseet.