Inngår samarbeidsavtale
- Vi begrev stridsøksa. No er det samarbeid som gjeld, seier administrerande direktør i Viti Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og styreleiar i Aalesunds museum, Børre Thorsen.
Aalesund museum ynskjer å halde fram som eit spesialisert bymuseum. Viti er regionmuseet for Sunnmøre. Avtalen som er inngått inneber at Aalesunds museum kjøper tenester frå samlingsforvaltinga i Viti.
- Dette sikrar kulturarven på best mogleg måte, i trygge magasin og etter internasjonale museumsstandardar, seier Rotevatn.
Aalesund museum ynskjer ikkje å inngå i Viti, men samarbeidet om samlingsforvaltinga gjer at dei to partane har eit profesjonelt samarbeid om kulturarven.
- Eg vil rose styreleiar Børre Thorsen for å setje kulturarven først. Vi har respekt for at Aaleunds museum har andre ynskje enn oss når det gjeld samanslåing. Vår dør er open om dei ynskjer dette annleis i framtida, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Aalaesunds museum har ei av dei største museumssamlinganei Møre og Romsdal med fleire enn 12 000 gjenstander. No vert dette trygt ivareteke av dei tilsette i Viti.
Den nye museumsleiaren som startar i Aalesunds museum i september, vil kunne få vere på Sunnmøre museum og arbeide med gjenstandane.
Aalesunds museum ynskjer på sikt å flytte gjenstandane over i eige magasin. Dette er eit arbeid som vil ta tid og ressursar. Avtalen sikrar kulturarven fram til dette.
- Det manglande samarbeidet mellom Viti og Aalesunds museum har vore ei stor utfordring.Konflikten har vore svært krevande for begge partar. Vi har begge strekt oss og sett kulturarven først gjennom avtalen. No snakkar vi godt saman og ser framover, seier Rotevatn og Thorsen.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no


