Aktuelt

Ingen pengar til Svor-museet

Anders Svor-museet i Hornindal. Foto: Marius Beck Dahle / Viti
Anders Svor-museet i Hornindal. Foto: Marius Beck Dahle / Viti

Regjeringa løyver ingen midlar til opning av Anders Svor-museet i Hornindal. - Svært skuffande, seier styreleiar i Viti, Jon Aasen. Museet opnar difor ikkje til sommarsesongen.

Skulpturmuseet Anders Svor-museet i Hornindal fall mellom to stolar økonomisk då Hornindal og Volda kommunar slo seg saman, og Sogn og Fjordane fylke gjekk inn i Vestland. Sidan regionreformen har museet stått utan statleg finansiering. Heller ikkje denne gongen fann regjeringa pengar til det unike museet i Hornindal.

- Vi er svært skuffa. Viti har vore svært tydelege på at vi berre kan ta ansvaret for å drifte Anders Svor-museet om det kjem midlar frå staten til dette. I to år har Viti brukt sparepengar på drift, men no er kassa tom, seier Jon Aasen.

Stiftinga Viti overtok ansvaret for Svor-museet som ein følgje av regionreformen. Museet ligg 105 kilometer frå kunstavdelinga, og treng midlar til drift og fagfolk.

- Eit kunstmuseum i ei lita bygd treng same profesjonalitet som om det hadde vore i ein by. Det er ikkje gratis å drive museum utanfor byane. Vi har dokumentert behovet for midlar, saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er svært skuffande at eit av svært få skulpturmuseum i distrikts-Noreg vert strypt, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum gjesta Svor-museet i september 2023, og kalla då finanseringsglippen “en gjøkunge i regionreformen”. Ei rekkje andre politikarar frå Stortinget har også gjesta museet.

- Regjeringa har svikta. Dette rammar barn og unge sitt kulturtilbod, reiselivet og kompetansearbeidsplassar i distrikta. Museet opnar ikkje til sommaren, seier Rotevatn.


Anders Svor-museet
Anders Svor-museet er eit skulpturmuseum på Grodås i Hornindal. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864-1929). Museet er eit av få skulpturmuseum i distrikts-Noreg.

Svor var ein av dei sentrale norske bilethoggarane i sin generasjon. Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet og var representert på fleire nasjonale og internasjonale utstillingar i si samtid.

Museet rommar ei samling på omlag 600 objekt – frå skisser til fleire av dei mest sentrale arbeida hans, til dømes gipsskulpturen Ung pike (1895) og ei nystøyping av bronsefontena Bylgja (1913/1979).

Stiftinga Viti fekk ansvaret for Anders Svor-museet som ein følgje av regionreformen. Museet vart gløymt i forhandlingane og står no utan driftsmidlar. Viti har saman med Møre og Romsdal fylkeskommune dokumentert behov for 4.1 millionar kroner i året for å drifte museet.

Ingen pengar til Svor-museet — Viti — Viti