Aktuelt

Historia om trolldom

Skal du kle deg ut som heks på halloween? Høyr historia om dei ekte heksene her!

Harry Potter, teikneserien W.I.T.C.H, Buffy vampyranes skrekk, tenåringsheksa Sabrina. Alle tek utgangspunkt i den mystiske og magiske underverda. Men kor kjem eigentleg denne ideen om trolldom frå?

Kulturhistorikar Ane Ohrvik tek oss med tilbake til slutten av mellomalderen, når trolldom var ein reell trussel i samfunnet, og noko som stadig dukka opp i rettssalen. Vi ser nærare på kildene vi har, og kva vi eigentleg veit om trolldomsprosessane, både i Europa, i Noreg og her på Sunnmøre.

Produsent: Severine Jarnes / Viti

Historia om trolldom — Viti — Viti