Haramsoga er ferdig!

Måndag kveld 11. november kunne haramsfolket endeleg pakke ut dei siste banda i Bygdebok for Haram og setje sluttstrek for storprosjektet som har resultert i seks fyldige bøker med lokalhistorie.
Initiativet til ei bygdebok for dei seks ulike bygdene i Haram kom allereie i 2004, men det skulle ta tjue år før alle bøkene låg på bordet. I følgje styreleiar i Haram bygdebok AS, Bjørn Sandnes, er det få i landet som kan vise til noko liknande.
Haram bygdebok AS vart skipa i 2007, og har jobba hardt for å bringe både folk og kapital til prosjektet.
Seks bøker
Det første bandet, om Grytastranda, kom i 2011, i 2016 kom dei to banda 2 a Hamnsund og Søvik, og 2b Gamlem til Store Kalvøy. Forfattar av desse bøkene var Randi Ingunn Selnes.
Band 3, om Flemsøya/Fjørtofta og Skuløya kom i 2019 og vart skriven av Olav Myklebust, Stein Arne Fauske og Knut G. Flem.
I 2022 kom bandet om Lepsøya og Haramsøya, og no i 2024 kom banda om Brattvåg og Hildrestranda. Dei tre siste bøkene er ført i pennen av Olav Myklebust og historikarane i Viti, Eldar Høidal og Ivar Gunnar Braaten.
Innsamling og dokumentasjon
Det er eit omfattande dokumentasjonsarbeid som er no gjennomført. Bøkene inneheld både busetnadshistorie og allmennsoge, som er ført heilt fram til i dag.
Det hadde ikkje vore mogeleg utan hjelp frå ei rekkje frivillige. Olav Myklebust, som har stått for slektsdelen, har hatt hjelp av lokale slekstinnsamlarar som nærast har gått dør til dør og samla opplysningar, som Myklebust så har mata inn i avanserte dataprogram. Høidal og Braaten har hatt jamnleg kontakt med lokale informantar, boknemnder og bildenemnder.
Ei bygdebok for framtida
Bygdeboka har møtt ein del utfordringar undervegs, og det var knytt ein del spenning til kommuneendringane. Eit samrøystes kommunestyre i nye Haram kommune gjekk inn for å løyve midlar til fullføringa av prosjektet.
No er prosjektet ved vegs ende. Haram har ei bygdebok som vil stå seg i årevis framover.
