Aktuelt

Gauken – luringen som spår framtida ved Gaukmesse

Har du høyrt gauken? Gauken er ein av våre mest spennande trekkfuglar som flyg til Sunnmøre heilt frå Afrika. På Naturmuseet kan du lære meir om den lure fuglen. 1.mai skal du lytte ekstra til gauken, som i følgje folketrua varslar om framtida ved Gaukmesse.

Tekst: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Gauken er ein trekkfugl som bur i Afrika om vinteren. Han kjem attende til Sunnmøre om våren, og er ein av fuglane som flyg lengst. Han er vanskeleg å sjå, men lett å høyre, med sitt spesielle rop “koko”.

Gauken er den einaste fuglen som legg egg i andre sine reir. Slik lurer gauken andre fuglar til å bli fostermor. Gauken bygger altså ikkje sitt eige reir, slik andre fuglar gjer. Gjøken legg ofte egga i heipipelerka sitt reir, men også andre små spurvefuglar. I løpet av få sekund fjernar eller et gjøken eit av heipipelerka sine egg, og legg sitt eige egg på denne plassen i reiret. Når gjøkungen er klekt, er den mykje større enn dei andre fugleungane. Likevel lever gjøkungen saman med “fostersøskena” og “mor” først tre veker i reiret, og også ei stund etterpå.

Fuglar har i mange tusen år vorte sett på som varslarar og bodbringarar. Eit av vårteikna i naturen er trekkfuglane som kjem og deira reirbygging. Både tjeld, linerle, svale og gauk er rekna for slike fuglar. Allereie 2500 år før vår tid, vart fuglane sett på som nokon som varsla om framtida, om avlingar, om vêret og om døden. Gauken er i Noreg sett på som eit vårteikn og ein som varslar at sommaren kjem. Når gauken gol, var spekekjøtet ferdig og ungane kunne gå berrføtt.

På primstaven er 1. mai markert med ein fugl som Gaukmesse. Kva retning gauken gol frå akkurat på 1. mai betydde mykje i folketrua enkelte stader i landet, for gauken hadde tett kontakt med høgare makter.

Om du høyrde gauken gale frå sør 1. mai, heitte det sågjøk . Det betydde at kornet vert sådd i godt vêr.
Om du høyrde gauken gale frå nord, heitte det någjøk. Det varsla sjukdom eller død.
Om du høyrde gauken gale frå vest, heitte det viljegjøk. Du ville då få det du ville, det du ynskte deg.
Om du høyrde gauken frå aust, heitte det liljegjøk. Du ville då få lukke i ekteskapet eller vere heldig med eit frieri.

Kor mange gongar gauken gol, har også hatt betydning. Ein kunne “spørje gauken” og telje lydane. Slik kunne ein finne ut kor mange born ein fekk, kor mange år ein måtte vente på å verte gift eller kor mange år ein hadde att å leve.

En grå gjøk med stripete fjærdrakt svever med utstrakte vinger mot hvit bakgrunn.
Gauk som flyg . Foto: Radovan Václav (Lisens: CC BY NC 2-0)

Sidan gauken er einaste fugl som legg egg i andre sitt reir, har fuglen også blitt ein del av språket på oppførsel som ein ikkje set pris på - egoisme og truløyse. Også i språket vårt i dag finn vi nedsettande uttrykk om folk som opphaveleg kjem frå gauken sitt levevis - tenk berre på uttrykket “gaukunge”, “han er ein skikkeliggjøk”, “han kjem frå eit gaukreir” eller “ho er heilt ko-ko". Sjølve ordet “gauk” kjem frå eit gamalt indoeuropeisk språk og tyder “å halde for narr”.

Gauken er også å finne i eventyr, songar og dikt. Fleire av våre store diktarar har skrive om gauken.

Aasmund Olavsson Vinje skriv om gauken i det kjende diktet “Våren” (1881):

(...) enno eg høyrde at Vaarfuglen song mot Sol og mot Sumar.

Enno ein Gong den Velsignad eg fekk, at Gauken eg høyrde,

enno ein Gong ut paaAakren eg gjekk, der Plogen dei kjøyrde. (…)


Olav H. Hauge har også eit dikt som heiter Gauken:

Fauk du so stilt?
Sa du ikkje
meir ilt?

Han støkte ein kall
i stad
- han gol i nord.
Men gjorde i same stundi
ei gjente glad
og vart viljagauk
for ein gut på Svad,
sågauk i Skår.

Ku-ku, sa han,
og strauk.

Men kallen
kalla han gauk.


Det finst også tradisjonelle barnesongar om gauken, den mest brukte er kanskje “Jeg gikk en tur på stien”. Men kanskje kan du også denne tradisjonelle songen, som kan syngast i kanon:

Gauken, gauken, klukkar og ler.

Høyr kor det ljomar,

snart er det somar.

Våren, våren, våren er her!


Gauken er lett å høyre, men vanskeleg å sjå. I folketrua var det slik at om du greidde å sette deg under treet når gauken gol, kunne du ynskje deg tre ting. ...

Har du site under treet der gauken gjel?



Kjelder
Hauge, Olav H: Gauken, i Seint rodnar skog i juvet. Noregs Boklag, 1956
Vinje, Aasmund Olavsson: Våren, først trykt i Dølen,1860

Kostveit, Åsta Østmoe: Fuglene i folketro og tradisjon, Landbruksforlaget, 2000
Moksnes, Arne: Gjøk. Henta frå Norsk Ornitologisk foreining, https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/fugleatlas/index.php?taxon_id=5507 (lesedato 19.4.22)
Gjøk, i Store norske leksikon https://snl.no/gj%C3%B8k

Gauken – luringen som spår framtida ved Gaukmesse — Viti — Viti