Aktuelt

Får 750 000 kroner frå Kulturrådet

Tildelinga syner at Kulturrådet har trua på prosjektet jublar fagdirektør Ingvil E. Grimstad.  Foto: Viti
Tildelinga syner at Kulturrådet har trua på prosjektet jublar fagdirektør Ingvil E. Grimstad. Foto: Viti

Kulturrådet har løyvt 750 000 kroner til Viti for oppgradering av utstillingssal for temporære utstillingar og ein ny fleirbrukssal på Sunnmøre museum.

Dette er eit viktig steg i utviklinga av museet som ein moderne og inkluderande kulturarena.

– Dette er eit kjempeløft for både museet og regionen, seier fagdirektør Ingvil Eilertsen Grimstad. – Sunnmøre museum har lenge mangla gode fasilitetar for skiftande utstillingar og større publikumsarrangement. Med profesjonelt rigga salar kan vi tenkje heilt annleis og opne opp for nye moglegheiter.

Prosjektet er utvikla i tett samarbeid med lokale og regionale aktørar frå det frie kunst- og kulturfeltet, inkludert scenekunst, biletkunst, kulturvern og musikk. I tillegg har ei rekke frivillige organisasjonar bidrege til planlegginga. Målet er å skape eit levande og fleksibelt rom for både formidling og samskaping.

Dei nye salane vil gi rom for skiftande utstillingar frå museet sine eigne samlingar, samt tematiske utstillingar frå eksterne aktørar. Fleirbrukssalen skal nyttast til formidlingsaktivitetar for barn og unge, og vil fungere som ein kreativ møteplass for museet sine noverande og framtidige samarbeidspartnarar.

– Vi er kjempeglade for denne løyvinga, men er ikkje heilt i mål med finansieringa enno, men denne løyvinga frå Kulturrådet er avgjerande for å kome i gang, avsluttar Grimstad.

Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Får 750 000 kroner frå Kulturrådet — Viti — Viti