Eit godt besøksår for Viti
Gjennom eit mangfaldig program - i samarbeid med både veneforeiningar og lokale aktørar, fekk publikum eit innhaldsrikt tilbod frå Viti i året som gjekk. Og publikum svara - med stor interesse. Meir enn 135 700 gjesta Viti i 2023.
- Det er svært gledeleg at vi no er på veg tilbake til normalåret kva gjeld besøkande. At cruisegjesten også er komen tilbake til Ålesund er vi svært nøgd med. Dette nyt særleg bymusea godt av, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Aktivitetar og arrangement tilpassa både den lokale og den tilreisande gjesten ga god respons. Sommarsesongen 2023 var meir enn 80% av dei besøkande på musea i Ålesund internasjonale gjestar. Desse fekk mellom anna tilbod om byvandring med fokus på jugendstil og arkitektur i regi av Jugendstilsenteret. På Sunnmøre museum fekk gjestane innblikk i den sunnmørske kulturhistoria gjennom «Møt folka i dei gamle husa».
Samla gjennom året gjesta i overkant 39 000 Jugendstilsenteret og KUBE. På Sunnmøre museum, med fellesbillett til Middelaldermuseet, var talet 79 900 besøkande.
Den trufaste lokale gjesten
Dei øvrige musea i regionen hadde ei auka interesse frå den lokale gjesten.
- Dei lokale er flittige gjestar. Mange tek med familie og vener til museet, og museet er ein populær aktivitet for heimeferie, ikkje berre sommarstid men også i vinter- og haustferiar, seier Rotevatn.
Dugnadsgrupper og venelag
I Viti er det mange venelag som stiller på dugnad og både bidreg på og tek initiativ til aktivitetsdagar.
- I Viti utgjer dugnadsgrupper og veneforeiningar ein viktig del av arbeidet med å ta vare på og formidle kulturarven vår. Når den lokale frivilligheita og det profesjonelle museum går hand i hand får vi til mykje godt, seier Rotevatn.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no


