Aktuelt

BYGG! Og bevare meg vel

Byggesetta tek for seg grunnleggjande berekonstruksjonar brukt i regionen vår. Foto: Ingvill Naalsund / Viti
Byggesetta tek for seg grunnleggjande berekonstruksjonar brukt i regionen vår. Foto: Ingvill Naalsund / Viti

I desse dagar får 5.-7. trinnet på skulane i Ørsta kommune besøk av Viti og vandreutstillinga BYGG! Og bevare meg vel. Her får elevane prøve seg på tradisjonelle byggjeteknikkar som grindbygg, bukkebygg, stavlinebygg og laftebygg.

Dei tradisjonelle byggjeteknikkane er rett og slett geniale! Naust, løer og hus blir sette opp utan ein einaste spikar, og står støtt - sjølv i orkan.

Elevane brukar alle sansar når dei arbeider seg fram til ny kunnskap om tradisjonelle byggemetodar brukt i regionen vår. Dei kjenner på materiale, samarbeider, tenkjer logisk, er praktiske og konkrete. Dei utforskar, ser på linjene og føler kva som skal til for å få bygga til å stå stødig.

Formidlinga tek utgangspunkt i fire modellar, utforma som byggesett. Byggesetta tek for seg grunnleggjande berekonstruksjonar brukt i Møre og Romsdal. Enkelt sagt er grindbygg brukt på Sunnmøre og stavlinebygg på Nordmøre. Midt i mellom ligg Romsdalen med ein hybrid mellom grindbygg og stavlinebygg, kalla bukkebygg. Laftebygg har dei tre regionane felles.

Ingvill Naalsund

Avdeling kulturhistorie: Fellestenesta formidling

980 96 723 / ingvill@vitimusea.no

BYGG! Og bevare meg vel — Viti — Viti