BYGG! – og bevare meg vel!

Viti - regionmuseet for Sunnmøre er i desse dagar på turné til skular i Ålesund kommune. Gjennom Den Kulturelle Skulesekken sin produksjonen «BYGG! Og bevare meg vel», får elevane på 5., 6. og 7. trinn utforske tradisjonsbygging av hus.
Dei tradisjonelle byggjeteknikkane er rett og slett geniale. Naust, løer og hus blei sette opp utan ein spikar, og har stått støtt i mang ein storm og orkan. Vi skal sette opp grindbygg, bukkebygg, stavlinebygg og laftebygg og lære om byggetradisjonar i Møre og Romsdal. Elevane bruker alle sansane når dei arbeider seg fram til kunnskap om tradisjonelle byggemetodar brukt i Møre og Romsdal. Dei kjenner på materialet, samarbeider, tenker logisk, er praktiske og konkrete. Dei utforskar, ser på linene, og føler kva som skal til for å få bygg til å stå støtt.
Vi inviterer pressa til å delta saman med oss og elevane!
07.02: Grytastranda 9.00 – 11.15
08.02: Søvik 9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45
09.02: Hildre 12.30 – 14.30
10.02: Flem + Haramsøy9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45
11.02: Brattvåg9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45
14.02: Brattvåg9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45
15.02: Harøy9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45
16.02: Vatne9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45
17.02: Ørskog 9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45
18.02: Ørskog 9.00 – 11.15 + 11.30 – 13.45