Aktuelt

Bygdesoge for Haram

Marta og Ole Elias Myren fotografert heime på gardstunet om lag 1912. Til høgre står dottera Hansine, saman med barneborna Ragnvald, Olav og Marta. Biletet er henta frå Lars Hatlehol: «Glimt frå Hildrestranda i farne tider.» 1998.
Marta og Ole Elias Myren fotografert heime på gardstunet om lag 1912. Til høgre står dottera Hansine, saman med barneborna Ragnvald, Olav og Marta. Biletet er henta frå Lars Hatlehol: «Glimt frå Hildrestranda i farne tider.» 1998.

Arbeidet med bygdesoga for Haram held fram, som eit samarbeid mellom Haram bygdeboknemnd og Viti.

Historikar Ivar Gunnar Braaten skriv om Hildrestranda, medan førstekonservator Eldar Høidal tek føre seg Brattvåg. Saman med gardssogedelen, som blir utarbeidd av Olav Myklebust, vil omfanget utgjere to band, med planlagt utgjeving i løpet av 2023.


Her føljer ein smakebit frå soga om Hildrestranda:

Ein dag tidleg på 1890-talet gjorde Ole Elias Olsen Hildremyr, eller Myr-Ol-Eias som han vart kalla, færingen klar for langtur.[1] Ole Elias var på denne tida nærare femti år gamal, og vart rekna som ein tusenkunstnar. Faren hadde vore bygdesmed, og lært han opp til å bli ein dugande kar i smia. Mellom anna skal ungguten ha vore den fyrste på våre kantar som laga plogar med veltefjøler av jern. Dørlåsar laga han også, og under opphald på Ullahammaren under vinterfisket hadde han sett kor fiskarane sleit med å heise det tunge åttringsseglet. Han fekk difor laga ei taljeblokk, og sette ei laupande skive på mastra; noko som letta arbeidet mykje.[2]

På den tida han gjorde færingen klar hadde Ole Elias nyss sett opp eit mylnebygg ved Ørbakkfallet i Hildreelva. Heime på garden stod der ei mylne frå før. Så maling av korn på tradisjonelt vis, det var han vand med. I det nye bygget ønskte han å modernisere drifta, med turbin og motor, og med reimdrift.

Ole Elias hadde høyrd gjetord om eit firma på Gjøvik som produserte moderne kverner; kverner som til og med kunne nyttast til å lage havregryn. Slike vedunder måtte han ta nærare i augesyn! Og når han først hadde bestemt seg, tok det ikkje lang tid før han sat ved årene om bord i færingen, med kurs inn Romsdalsfjorden, i retning Veblungsnes.[3]

Vel framme på denne tradisjonsrike marknadsplassen gjekk handelen livleg. Her kunne ein gjere gode kjøp, også av hestar. Ole Elias såg seg ut eit framifrå eksemplar, kjøpte han, klatra opp i salen, og la av garde langs smale og snirklete bygdevegar, steile råser og blaute krøtertråkk:

Opp Romsdalen, over Lesja, nedover Gudbrandsdalen, forbi Lillehammer, langs Mjøsa, og fram til Gjøvik og kvernprodusenten. Her vart den langvegsfarande ryttaren teken vel imot, og fekk ei grundig innføring i korleis maskindrivne kverner fungerte. Så Ole Elias vart snart overtydd: Ei slik kvern ville han ha i det nye mylnebygget.

Etter at kvern-handelen var unnagjort, sette han seg opp på hesteryggen att, og gav seg på heimveg.

Attende på Veblungsnes vart hesten bydd fram for sal, og det tok ikkje lang tid før ein kjøpar melde seg. Forteneste vart det også av handelen; to kroner og femti øre. Så Ole Elias var nok vel nøgd, der han løyste færingen frå fortøyinga, sette segl, og for heim til Hildrestranda i god austanvind bør. Kverna kom etter, med båt rundt kysten.

Kjelder:

  • [1] Einskilde kjelder, som Hatlehol 1998, omtalar han som Ole Elias Myren, noko han også skreiv seg som i 1890-åra. Hildremyr er likevel namnet som vart nytta i minneordet etter han.
  • [2] Møre Bygdeblad 06.09.1934.
  • [3] Hatlehol, Lars 1998: Glimt frå Hildrestranda i farne tider, s. 21.
Bygdesoge for Haram — Viti — Viti