Bygdebok for Haramsøya og Lepsøya ligg føre

Bandet om Haramsøya og Lepsøya ligg no føre. Eit storverk, i bokstavleg forstand; nesten 800 sider med tekst, bilete og illustrasjonar. Ført i penna mellom anna av historikarane Eldar Høidal og Ivar Gunnar Braaten i Viti.
I 2021 vart kontrakten mellom bygdeboknemnda og Viti underskriven, og Høidal og Braaten gjekk i gang med arbeidet. Dei fordelte skrivinga mellom seg: Høidal om Lepsøya i nyare tid, medan Braaten tok føre seg førhistoria for begge øyane, og Haramsøya i nyare tid.
Olav Myklebust, som hadde hatt ansvaret for gardssoga i førre bandet, haldt fram med sin del av arbeidet. Forfattarane arbeidde tett opp mot dei respektive bygdekontaktene, Magne Kjerstad på Lepsøya og Gunnar Standal på Haramsøya. Fagdirektør Ingvil Grimstad var prosjektleiar for Viti.
Kvinnene si sentrale rolle
I føreordet skriv Eldar Høidal mellom anna at han i framstillinga har freista å få fram kvardagslivet i heimane, og, ikkje minst, kvinnene si sentrale rolle i dette fiskarsamfunnet.
Han peikar også på at folket frå Lepsøya må vere av det tolmodige slaget. Heilt sidan 1930-talet har dei arbeidd trottig for å få i stand brusamband med fastlandet, og i 2021 lukkast dei endeleg.
Nordøyvegen og vindkraft
Braaten tek mellom anna føre seg utbygginga av Nordøyvegen og, ikkje minst, den opprivande striden knytt til bygginga av vindkraftverket på Haramsfjellet.
I tillegg går han langt tilbake i historia for begge øyane, og syner mellom anna stormenn som stig fram frå gullrike gravhaugar og frå stridsmetta sagaforteljingar; for ikkje å nemne det største mysteriet av dei alle: Kva for ein person, han eller ho, kunne det ha vore som valde å leggje att ein dyrebar beinkam djupt inne i Rønstadhelleren, under eit måltid der for nærare 2000 år sidan?
Lansering
Det vert boklansering for Band 4 - Haramsøy og Lepsøy, laurdag 3. desember. Først på Jokerbutikken på Lepsøy kl. 11, deretter på Coop Haramsøy kl. 13. Forfattarane blir å treffe saman med representantar for Haram Bygdebok og varaordførar Vebjørn Krogsæter frå Ålesund kommune.
Det blir også høve til å kjøpe boka under Førjulssøndag på Sunnmøre museum 4. desember.