Brudavolltunet får støtte til restaurering av slåttemark

Viti har fått 45 000 NOK frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal til skjøtsel av slåttemarka i Brudavolltunet! Slåttemarka er ein sentral del av kulturlandskapet på museet.
Skjøtselen skal vi gjere i tråd med faglege prinsipp for ta vare på truga artar og naturtypar.
Museet arbeider også for nasjonal finansiering av nytt administrasjonsbygg og oppgradering av formidlingsbygg. Dette vil vere sentralt for at vi skal kunne ta vare på og gjere Brudavolltunet meir tilgjengeleg for publikum.
Foto: Magnhild Vatne / Viti