Britt Elise Skram tilsett som vikar

Vi er glade for å ha Britt Elise Skram med på laget!
Ho skal i 2024 vikariere i ein del av stillinga til vår konservator fellesteneste folkemusikk, Anna Gjendem, då ho skal ut i permisjon.
Skram skal i året som kjem mellom anna grave i og formidle samlingane til Folkemusikkarkivet i Viti. Vi gler oss til å sjå og høyre kva for skattar ho finn og vel å lyfte fram.
Folkemusikar, kulturskulelærar og frilansmusikar
Skram er folkemusikar med fele som hovudinstrument. Ho har dei siste 20 åra jobba som kulturskulelærar og frilansmusikar. Viti har hatt glede av hennar spel og kunnskap både som innleidd på fagdag, konsertar, prosjekt og i skuleformidling.
Skram er aktiv i folkemusikkmiljøet i Møre og Romsdal, men er også ein godt kjent spelemann i resten av landet. Ho er mellom anna kjent for god dansetakt, spretne springarar og rundvalsar som rullar bortover golvet.
Ny vandreutstilling
Viti vil også ha eit stort fokus på dansen det neste halve året. Laurdag 20 januar opnar vandreutstillinga «Se bestemor, vi danser sammen!» på Sunnmøre museum i Ålesund. Utstillinga er laga av Norsk senter for folkemusikk og folkedans og skal turnere på 12 museum i løpet av dei neste 3 åra.
Anna Gjendem tek no permisjon. Dette gjer at spørsmål om notar, klipping/utsending av opptak og svar på arkivspørsmål vil ta ein del lengre tid evt. verte utsett nokre månadar.