Borgund - mellomalderbyen som forsvann

Klar for litt historiepåfyll? Sjå dokumentarserien «Borgund – mellomalderbyen som forsvann».
I fleire hundre år var byen Borgund gløymt og gøymd under marka. Tidleg på 1900–talet begynte det å dukke opp gjenstandar frå det som kunne vere eit byliv.
Middelaldermuseet deltek i Universitetsmuseet i Bergen sitt internasjonale forskingsprosjekt der over 45 000 funn skal analyserast i håp om å finne ut meir om livet i Borgund i middelalderen. I fem episodar kjem vi tett på korleis forskarane arbeider med ny teknologi, kva folka levde av og - korleis det tok slutt.