Aktuelt

Besøk oss i romjula!

Gratis inngang for barn og unge opp til 18 år! Foto: Kristin Støylen
Gratis inngang for barn og unge opp til 18 år! Foto: Kristin Støylen

Oppdag, reflekter, hent inspirasjon, senk skuldrane! Velkomen til fine romjulsdagar på musea i Ålesund!


Sunnmøre museum

Ope 27. – 29. desember kl. 12-16

Besøk båthallen og blir betre kjend med den spanande kystkulturen vår. Løys rebus i utstillinga EG VAR HER, oppdag friluftsmuseet saman med digitale Lille Aarsille eller lag eit nyttårskort i verkstaden. Rund av med noko godt frå museumskafeen.

Jugendstilsenteret og KUBE

Ope 27. - 29. desember kl. 11-16

La deg begeistre av den nye utstillinga på KUBE «Største motstands vei. Sigurd Winge». Beundre den vakre julepynta spisestova på Jugendstilsenteret eller besøk den flotte museumsbutikken vår.

Fiskerimuseet

Ope 28. og 29. desember kl. 12-16

Lær meir om framveksten av det moderne fiskeriet og korleis det forma byen og omlandet.

Du finn oss i Holm-bua i indre hamn i Ålesundet, i ly av Molja og hamnefyret. Gata museet ligg i, er den best bevarte husklyngja i Ålesund frå før bybrannen i 1904.


Gratis inngang for barn og unge opp til 18 år!
Fellesbillett Fiskerimuseet, Jugendstilsenteret og KUBE.

Besøk oss i romjula! — Viti — Viti