Båtbyggjar for ein dag
Borrevinde, okshøvel og klinkhammar! Verktøy som 110 elevar ved Volda VGS og 1850 elevar på 8-10. trinnet i Ålesund kommune skal teste ut saman med Viti. Med produksjonen «Båten og menneske» utforskar elevane tradisjonsbyggjing av båt.
Ut til skulane har vi med oss ein færing i full skala. Saman med båtbyggjarane Kamilla Apelseth Snemyr og Torstein Runde-Huus skal elevane forme båtbord med øks og høvel, klinke («sy») båtsaum og sette saman dei ulike delane i ein færing.
Kroppen som måleband
Båtbyggjaren brukar kroppen som måleband når han byggjer, og ungdommane får eit djupdykk i dei gamle måleeiningane famn, alen og fot. Menneskekroppen og vinden føre båten framover.
Snidbetningen
Den sunnmørske snidbetningen, færingen som er med oss på turné, er noko heilt for seg sjølv. Båtborda framme er lagt ut som ein plog som gir bredde i båten. Bakover smalnar den av som ein fisk. Båten har «eit stort hjarte», som passer godt til det asymmetriske råseglet og til å ta om bord ein stor fangst - slik ein god sunnmøring både skal og må.
Om formidlar og båtbyggjar
Les meirLukk
- Torstein Runde Huus, formidlar.
Fagbrev som trebåtbyggjar. Jobba for Nordnorsk fartøyvernsenter og Oselvarverkstaden. - Kamilla Apelseth Snemyr, båtbyggjar
Fagbrev som trebåtbyggjar. Jobba for Hardanger Fartøyvernsenter.
Om produksjonen Båten og menneske
Les meirLukk
- Båten og menneske er eit tilbod i Den Kulturelle Skulesekken (DKS), Møre og Romsdal fylke
- Produksjonen er utvikla og produsert av Viti og fellestenesta formidling.
- Over 7 200 elevar frå 8. – VG3. trinn i Møre og Romsdal har sidan oppstarten i 2016 tatt del i formidlingstilbodet.
- Gjennom skuleåret 2023/2024 får 250 elevar på vidaregåande skule i Møre og Romsdal og 1 850 elevar på 8.-10. trinnet i Ålesund kommune besøk av Båten og menneske.


