Båtbygging og design

Viti formidlar denne hausten båtbygging og design til elevar på 8. - 10. trinnet. Eit handverk som er på UNESCO si liste for tradisjonar med verdsarvstatus. Med oss har vi ein båt under bygging og elevane får prøve ut ulike verktøy og teknikkar.
Båten vi har med er ein tradisjonell bruksbåt som har vore, og er fortsatt i bruk, på Sunnmøre og i Romsdal; den snidbotna båten. Den var innovativ med eit nyskapande båtdesign for 300 år sidan, akkurat som X-bow båtane frå Ulstein er det i dag.
Båten var havhest og folkevogn og sjøen livsnerven. Å byggje dugelege båtar har difor alltid har vore sett høgt - slik også i dag. Tradisjonelt har vi bygd båtar i tre, og båtborda vert sydd saman med ein saum, gjerne i jarn. Båten var tilpassa kroppen og kroppen var mål under båtbygginga. Slike tradisjonelle klinkbygde båtar har vi hatt i meir enn 1 000 år.
Formidlinga dekkjer fleire kompetansemål for 8. – 10. trinnet i faget samfunnsfag, både under hovudområda historie, utforskaren og geografi.