Årbok for Sunnmøre 2022

Årbok for Sunnmøre 2022 inneheld stoff om hendingar som har forma sunnmørssamfunnet.
Her er litt om det du kan gle deg til:
- Vi er med på jakta på ein skuldig etter kyrkjebrannen i Borgund, og vi besøker Nordre gravlund «bak fjellet» i Ålesund.
- På Brudavollen i Ørsta finn vi prov på at garden, som i dag er museum, har ei minst 400 år gammal historie.
- Vi skal også til 1960 – talet, då filetfabrikkane vart flytta til havs, om bord i nyskapingane fabrikktrålarane.
- Rundt førre århundreskifte vart det reist ungdomshus i nesten kvar ei bygd på Sunnmøre. Mange er vekke, men her er dei dokumentert.
- Ein frontkjempar frå Geiranger fortel om sine dramatiske – og for svært mange - problematiske livsval.
Forfattarane i 2022-utgåva
Oddbjørn Hofseth, Arne Knutsen, Anders Roald, Leiv Grønnevet, Nils Seland og Oddbjørn Melle.
Kjøp boka
Årbok for Sunnmøre 2022 98. årgang kan du skaffe deg i Viti sine museumsbutikkar på Sunnmøre museum, Musea i Sykkylven, Viti Søre på Spinneriet i Volda og på Jugendstilsenteret og KUBE - eller ved å verte medlem i Sunnmøre historielag.

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no