Aktuelt

Tilkallingsvikarar på Jugendstilsenteret og KUBE

Er du serviceinnstilt, ansvarleg og likar å arbeide med menneske? Vi søkjer etter tilkallingsvikarar på Jugendstilsenteret og KUBE. Bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape gode opplevingar for våre gjestar!

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Betene resepsjon / butikk og yte service
  • Opning og stenging av museet og utstillingar
  • Mottak av cruisegrupper og andre publikumsgrupper
  • Vakthald i utstillingar og resepsjon/butikk
  • Kassaoppgjer
  • Informere gjestane om museet
  • Utføre streifoppgåver etter gjeldande instruksar
  • Museumsfaglege oppgåver tilpassa kvalifikasjonar
  • Kveldsarrangement må påreknast

Ønska kvalifikasjonar:

  • Interesse for kunst og kultur
  • Imøtekomande
  • Serviceinnstilt
  • Punktleg
  • Erfaring med ulike kassasystem og publikumskontakt
  • Gode planleggingsevner
  • Kunne ta ansvar for eigne oppgåver
  • Over 18 år
  • Språk utover norsk og engelsk vil telle positivt
  • Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.

Arbeidstid etter turnus.

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med mange mogelegheiter
  • Løn i stillingskode 1078 betjent frå 389 100,- ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
  • Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Søknadsfrist: snarest

Send ein kortfatta søknad med CV til post@vitimusea.no Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar og attestar.

Kontaktperson: Turi Hoem. turi@vitimusea.no

Stillingane ligg i avdeling for administrasjon og publikumsmottak.

Les og sjå meir om oss: www.vitimusea.no

Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.


Turi Hoem

Turi Hoem

Avdeling kunst og design: Marknadskoordinator

924 49 749 / turi@vitimusea.no

Tilkallingsvikarar på Jugendstilsenteret og KUBE — Viti — Viti