Aktuelt

Får 655 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen

Stiftinga Viti takkar for den rause gåva. F.v. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (Viti), Mari Dorte Michaelsen (Gjensidigestiftelsen), Ane Havnegkerde (Viti), Hans Edvard Pilskog (Sunnmøre Friluftsråd) og Ingvil Eilertsen Grimstad (Viti). Foto: Fridgeir Walderhaug / Bypatrioten
Stiftinga Viti takkar for den rause gåva. F.v. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (Viti), Mari Dorte Michaelsen (Gjensidigestiftelsen), Ane Havnegkerde (Viti), Hans Edvard Pilskog (Sunnmøre Friluftsråd) og Ingvil Eilertsen Grimstad (Viti). Foto: Fridgeir Walderhaug / Bypatrioten

Med 655 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen skal Borgundgavlen i Ålesund bli endå meir tilgjengeleg for alle. Prosjektet «Natur og historie – Borgundgavlen for alle» skal utbetre stiar, kvileplassar og informasjon, slik at både lokalbefolkning og tilreisande, uansett funksjonsevne, får god og trygg tilgang til det populære friluftsområdet.

– Dette vil gjere museet og Borgundkaupangen endå meir tilgjengeleg og attraktiv for lokalsamfunnet, seier ein oppglødd Ingvil Eilertsen Grimstad, fagdirektør i Viti.

– Borgundgavlen er eit mykje brukt friluftsområde, og støtta vår skal gjere kvardagsnaturen tryggare og meir tilgjengeleg, seier Mari Dorte Michaelsen i Gjensidigestiftelsen. Slik senkjer vi terskelen og gjer det enklare for endå fleire å ta del i nærfriluftslivet, legg ho til.

– Tiltaka er utvikla i tett samarbeid med brukargrupper og lokale organisasjonar, og vil opne for nye naturopplevingar, kulturminne og aktivitetar for alle, seier Hans Edvard Pilskog i Sunnmøre Friluftsråd. Når tiltaka blir utvikla saman med dei det gjeld, aukar sjansen for at området faktisk blir tilgjengeleg for fleire og brukt på ein god måte, avsluttar Pilskog.

– Friluftsområdet rundt Sunnmøre museum og Middelaldermuseet knyter natur og kultur saman med menneska som bur her. Vi i museet er opptekne av at flest mogleg kan nytte seg av området, uansett funksjonsnivå. Her er ingen gjerde eller inngangsportar. Stiftinga Viti takkar for den rause gåva, og vi vil straks gå i gang med å utvikle friluftsområdet, der ein kan oppleve kulturarven i samspel med den vakre naturen, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti.

Landsdekkjande satsing
«God og trygg tilgang til naturen» er eit nasjonalt initiativ frå Gjensidigestiftelsen i samarbeid med Friluftsrådenes Landsforbund, og ein del av Gjensidigestiftelsens naturgledesatsing. I 2024 sette Gjensidigestiftelsen av 200 millionar kroner til ei fleirårig satsing der hovudmålet er å fremje auka og berekraftig bruk av naturen som arena for aktivitet, meistring, sosiale fellesskap og naturopplevingar.

Over 75 millionar kroner er sette av til tilrettelegging slik at flest mogleg kan delta i friluftsliv. Gjennom ulike tilretteleggingsprosjekt skal vi saman sikre at alle, særleg personar med nedsett funksjonsevne og andre med særskilde behov, får same moglegheit til å oppleve friluftsglede og møter eit inkluderande nærfriluftsliv.


Om Gjensidigestiftelsen
Gjensidigestiftelsen arbeider for å skape gode liv i eit trygt samfunn gjennom utdelingar og eigarskap. Som største eigar i Gjensidige med 62,24 prosent av aksjane, er vi med på å vidareføre 200 års forsikringshistorie i Noreg.

Frå etableringa i 2007 og fram til og med 2026 har Gjensidigestiftelsen delt ut rundt 5 milliardar kroner til over 14 000 ulike tiltak og prosjekt for å fremje tryggleik og helse.

Om Sunnmøre museum
Sunnmøre museum i Ålesund byr på eit mangfald av museumsopplevingar. I det vakre friluftsmuseet er det ei stor samling av bygningar frå heile Sunnmøre, som fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet.

Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

Får 655 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen — Viti — Viti